Om oss
Tveiten Gard er eit småbruk som ligg vestvendt mot Alverstraumen i Alversund i Alver kommune. Garden vert drive av sambuarane Anders (agronom), Tina (tannlege) og sonen Herman. På bruket vert det i hovudsak drive med birøkt og kjøtproduksjon av sau og oksar. I tillegg har me ein spesialbutikk med sal av birøktutstyr.
Etter at me byrja med birøkt har me i større grad fått augo opp for samspelet i naturen, og korleis me kan utnytte dette best mogleg når me produsera mat. Her på garden er det forbode med sprøytemidlar og anna ekstensiv drift som kan truge liv og jord!