Om oss
Kolstad Matgard er eit småbruk på Radøy, eigd og elska av to heimvende vestlendingar. Me ynskjer å restarta jord som har lege brakk og rydda kulturlandskapet. Ved å ta i bruk det jorda og dyra gjev oss vil me skapa kvalitetsprodukt, utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Hovedreiskapen er utegåande ullgris som grev og vender jorda for oss samstundes som den gjødslar den.
Me har no ulike typar kjøt frå våre ullgriser for sal. Dei går ute året rundt og et det dei finn av røter, nøtter og anna knask i jorda i tillegg til fôret me gjer dei. Dei går ute heile året og knaskar i seg det dei finn av røter og andre godsaker i tillegg til det me gjev dei. Slikt vert det godt kjøt av. Ullgrisen er ein robust rase som veks seint og med meir feitt og marmorering i kjøtet enn vanleg gris.